HEiMA magasinet

HEiMA magasinet var eit næringslivsmagasin som Kvam Næringsråd stod bak som skulle gje innblikk, inspirere og utdanne.
Dei var opptekne av å formidle suksesshistoriar frå næringslivet i Kvam, Jondal og Samnanger til verksemder som var nyetablerte, drevne eller i omstilling.
Me fekk laga heile seks utgåver av HEiMA i perioden 2018 – 2020.

Å bli betre kjend med menneska bak verksemdene var ein viktig del av formidlinga av historia.

Heilheit er viktig for at artikkelen skal appellera til vidare lesning. Me nytta ofte fargar som var sentrale i bildene.

Når innhaldet i teksten vert ein del av den visuelle framstillinga og formidlinga får ei ekstra dybde vert designaren veldig nøgd 😉

Me vart kjende med mange lokale heltar gjennom dette oppdraget. Både dei som har drevet lenge, dei som satsar nytt, går nye vegar eller omstiller- og utviklar seg.