Hardanger Akvasenter

Me starta 2021 med ein frisk tur på fjorden på filmoppdrag med og for Hardanger Akvasenter.
Dei trengte å ha ei digital visning som dei kunne nytta inn mot lærings- og utdanningsinstitusjonar, samt turistar som ikkje fekk besøkt visningssenteret grunna Covid-19. Me laga ein digital visningsfilm på nesten 20 min som dei fekk tilbakemelding på at er både interessant og lærerik.

For å promotere den digitale visningsfilmen laga me to «teasera» som du kan sjå under her.

Ynskjer du digital visning på Hardanger Akvasenter? Nøl ikkje med å ta kontakt med Solveig.

Teaser: Hardanger Akvasenter – Visningssenteret

Frå visningssenteret til Hardanger Akvasenter

RIB tur på fjorden frå visningssenteret i Øystese til Saltkjelen oppdrettsanlegg

Opptak på merdkanten på Saltkjelen

Under sjøoverflata for å dokumentera fisken i merda

Teaser: Hardanger Akvasenter – Saltkjelen