Fem råd for å sikra ein god nettstad

Når du skal bli kjend // inngå samarbeid // bruke ei ny verksemd er det mange som går inn og «sjekkar ut» nettsida di før dei faktisk gjer det. Dette av ein grunn.
Kva er det verksemda sjølv vel å fronta på si side? Er innhaldet oppdatert? Kan eg finna det eg treng? Er det korrekt? Truverdig?

Nettsida er den plattformen der verksemda sjølv definerer det meste av innhald – dette kan væra verdifullt! Pass på at det er det for deg og di verksemd.

  • Strategi & Mål

    Bruk verksemda sin strategi når ein skal bygge nettside. Både for å spissa bodskap, prioritera det som er viktig for dykk å formidla, samt sikre ein heilheit til dei resterande elementa i marknadsføringa. Set nokre mål for kva som er viktig med å ha ein nettstad, det gjer det også lettare og måle og justere undervegs. Mål kan væra frå auke av førespurnader til avlaste telefon og e-post til, landingsside for innhald i sosiale medier, og så vidare.

  • Brukarvennleg

    Pass på at nettsida er enkel å navigere.
    Er det intuitivt kvar ein skal gå for å finna det ein treng? Og det helst på kort tid og utan for mange klikk? Pass også på at innhaldet brukt på sida er av god kvalitet så sida ikkje brukar unødvendig tid på å laste inn.

  • Identitet & Design

    Det er viktig at nettsida er knytt opp mot eksisterande logo- og profil, dette skapar truverd og tillit. Bruk profilen aktivt i design av nettsida, både farger, bilde, takt og tone i tekst innhaldet.

  • Funksjon i marknadsføringa

    Kva verdi skal nettsida har for deg? Ei nettside treng ikkje berre væra ein kanal for informasjon eller oversikt, mange brukar nettsida til salg, bestilling, påmelding, konkurransar m.m. Bruk nettsida som ein del av din kryssplattform kommunikasjon. Døme: Annonse, sosiale medie (SoMe) innhald og plakatar, som alt peikar til ei landingsside på nettstaden din.

  • SEO & evaluering

    SEO står for søkeoptimalisering. Korleis gjer sida di det når du søker på din bransje eller nærliggande ord på Google? Snakk med din nettside leverandør for å sikre at sida di er søkeoptimalisert!

    Er du usikker på kva som fungerar og ikkje på din nettstad? Mål det og juster for ønska resultat undervegs. Google analytics serverer desse tala på «sølvfat». Kva lokasjon har dei som besøker sida di, når på døgnet er det mest folk der «inne», kor lenge er dei der? Kva for nokre sider på nettstaden din er mest besøkt? Osv.

© bukken.no