Ei kommunikasjonsverksemd

i Hardanger

Ei kommunikasjonsverksemd

i Hardanger

Me vil at du som oss, skal synast det er kjekt å driva marknadsføring. Om det betyr at me bistår deg, så du blir kompetent og trygg nok til å gjere det sjølv, eller me gjer noko, eller alt for deg er opp til deg!

I tillegg produserer me det du treng for å framstå som ei profesjonell verksemd – frå  logo, skilt, folie, filmproduksjon, sosiale mediekanalar, nettside m.m.

Spør oss om strategi, digitalt og trykksaker!

Prosjekt

Hos oss kan du få (nesten) ALT som fell under paraplyen KOMMUNIKASJON
Det me ikkje fiksar sjølv her i fjorden har me dyktige og kompetente leverandørar og samarbeidsapartnarar på – alle like opptatt av kvalitet og «snert» som oss («,)

Ta ein kikk på noko av det me har levert under her:

Me tilbyr

Alle verksemder har behov for å formidla kva ein tilbyr av tenester og produkt!

DIGITALT

Sikre deg at ditt innhald på digitale kanalar vert lagt merke til og skapar handling – så du når dine mål.
Frå film, nettside, sosiale medier til digitale presentasjonar – me hjelp deg så gjerne med å opprette kanalane og produsere innhald.

TRYKKSAKER

Saman med våre leverandørar kan me trykka på det aller, aller meste – med unntak av vatn.
Magasin, skilt, folie, flagg, banner, etikettar, messemateriell, for å nemne noko

STRATEGI/RÅDGJEVING

Vanskeleg å prioritere marknadsføringa?  Usikker på kvifor innhaldet i sosiale medier ikkje gjev effekt? Usikker på kvar du bør investere tid og pengar i eiga marknadsføring?

Med utdanning og erfaring frå reklame- og merkevarebygging er Connie trygg på at me kan væra din sparringspartnar, vegvisar, kritikar, rådgjevar – det du måtte trenga oss til, for å utvikla eiga verksemd.

KURS/SOSIALT

Av og til kan det væra godt å væra fleire som deler på oppgåvene, om det skulle væra å utvikla verksemda, sette opp kampanjar, events eller handtere ein sosial medie-konto. Send dine tilsette på kurs så de kan dele på marknadsføringa, drifta av digitale kanalar eller strategien som skal gjennomsyra verksemda di.

Eller blir med oss på lågterskel nettverks- og næringslivstreff i form av Badelunsj i Hardangerfjorden kvar fredag, Frukosseminar med aktuelle tema eller liknande.

OSS

I dag er «oss» Connie Langeland  og Kristin Øverlie Edøy.
Me har som mål og stadig utvikla oss sjølve og verksemda vår.

Er du den me søker?
Så høyrer me gjerne frå deg.

Me er brennande opptekne av kvalitet, nytteverdi, kreative løysingar og det vesle ekstra, gjerne i form av litt «snert».
Bli betre kjend med oss!

Kompetanse

Connie

> Interkulturell forståing med houvedvekt på Kina/Japan 2008
> Reklame og merkevarebygging ved Norges Kreative Fagskole, Bergen 2009 – 2011
> BA Graphic Design and Art Direction ved  Nouva Accademia di Belle Arti, Milano 2011 – 2013

Kristin

– Bachelor i Creative Advertising & Graphic Design frå Perth i Australia
– NKI nettstudier,  Interiørakitekt

Styrkar

Connie:

Strategi & Markadsføring
Grafisk design
Idé & Prosjektleiing

Kristin:

Grafisk design
Interiørdesign

Ta kontakt!

Skriv til:
bukken@bukken.no

Ring:
Connie 909 39 717

Besøk oss:

Hardangerfjordvegen 638
5610 Øystese

Kvam, Hardanger

Aktuelt